I desember i fjor handsama teknisk utval eit privat framlegg til reguleringsplan for hytteområde II på Eika. På oppdrag av grunneigarane hadde Per Mulvik AS utarbeidd eit framlegg til reguleringsplan for hytteområde på sørsida av Eika. Med nokre endringar vart planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn. Møre og Romsdal fylke kravde justering av eit hyttepunkt og at føresegnene måtte krevje markering av grense mellom verneområde for steinalderbustad og uteareal til nærliggjande planlagd hytte. Dette kravet er følgt i det reviderte planframlegget, noko som gjorde at fylket trekte motsegna. Det ligg ikkje føre nye motsegner. Teknisk utval rår no kommunestyret om å godkjenne framlegget til reguleringsplan for hytteområdet. Kommunestyret har møte tysdag 19. mai. Det er teikna inn 22 hytter i planane.