Tjue unge frå fylket har gått vidare i det lokale Grand Prix-systemet. Det betyr at dei to venninnene frå Hareid i januar må pønske ut ein musikkvideo som skal synast på TV Sunnmøre. Fjernsynskanalen skal brukast til å stemme på dei som sjåarane synest er best. 10 deltakarar skal stemmast ut, og 10 blir med vidare til ei kåring på Moa Amfi. Fem av desse går vidare til Grand Prix-finalen i Sunnmørshallen i februar neste år. Maria og Ingrid hadde sjølve laga tekst og melodi til songen "Vi he d gøy". I januar vil det openberre seg kva dei har brukt juleferien til.