Mannen som for to veker sidan sette sitt eige og andre sitt liv i fare med uforsvarleg køyring i Hareid og Ulstein, vil vere på frifot ei god stund til. Saka hans kjem kanskje ikkje opp før i desember. Blodprøvene som vart tekne av mannen etter at han vart pågripen, er sendt til Folkehelseinstituttet for analyse.

Kan ta fleire månadar

– Etterforskinga, inkludert den frå Folkehelseinstituttet, vil kanskje ta eit par månader. Deretter vil retten sannsynlegvis bruke eit par månader, trur politiadvokat Maria Vike. Fire månader med etterforsking og førebuingar gjer at saka vil kome opp tidlegast i månadsskifte november/desember. Vike seier likevel at ein dom sannsynlegvis er på plass før årsskiftet. Mange har nok reagert på at mannen vart sett fri allereie dagen etter brotsverket. Men Vike forklarer at det skal mykje til for å varetektsfengsle ein person på grunnlag av gjentakingsfare. – Normalt vil det krevje at personen har gjort dette fleire gongar om det skal vere grunnlag for å seie at det er gjentakingsfare, fastslår Vike. Det er tre måtar ein person kan verte halden varetektsfengsla på. Desse er bevisforspeling, undraging og gjentaking. Men ingen av desse kvalifiserer til varetektsfengsling i denne saka.