Rådmannen i Hareid tilrår å tilføre barnehagesektoren i kommunen 200.000,- kroner ekstra.
Dette går fram av ei innstiling til formannskapsmøtet komande veke. Pengane blir tekne av budsjettmidlane til sektor for næring, kultur og samfunnsutvikling.
Bakgrunnen for overføringa er at Hareid kommune ikkje har kunna tilby plass til alle som søkte om barnehageplass denne hausten. Etter eit hastemøte med Fylkesmannen vart det gjort nye konklusjonar, som altså medfører ei ekstraløyving.
Etter at fristen for å søkje barnehageplass hausten 2013 var ute, var der ein mellombels manko på 20 plassar for barn under 3 år.
I møtet med Fylkesmannen fekk kommunen pålegg om å tilby dei lovheimla plassane. I mellomtida hadde situasjonen endra seg ein del. 8 born fekk plass etter klage - og ein del born har fått plass i Ulstein kommune.
Administrasjonen vende seg så til foreldra til dei resterande som fekk avslag og dei som ein kjenner til har “potensiell trong for barnehageplass”. Situasjonen hadde etter kvart vorte mindre dramatisk - og det enda med at ytterlegare sju born vil få plass fram til 1. desember, då Holstad Barnehage opnar ei ny avdeling.
Dei sju borna utløyser 1,5 stilling i 3,1 mnd.