Herøy Kystmuseum er ei flott ramme for samlinga der kystkultur er den raude tråden.

Det vert arrangert padlekurs for nybegynnarar (grunnkurs) og vidarekomne (teknikkurs). Det vert eigne kurs for ungdom frå 13–19 år. Kursa er del av Våttkort-systemet til Norges Padleforbund, og gjev ei god innføring i padling, teknikk og tryggleik.

–Vi er godt nøgde med å få så gode instruktørar til å halde kurs på samlinga vår, seier leiarJon Oli Arnason i Herøy kajakk Klubb.

For dei som ikkje deltek på kurs vert det organiserte padleturar på dagtid. Laurdagskvelden er det festmiddag i naustet med råvarer frå havet. Vegard Brandal (eventyrar og globetrotter) viser bilete og fortel om turane sine.

– Det vert lagt opp til teltleir og sosialt samvær på Herøy gard, og garantert god stemning og mykje moro. Kystkultursamlinga passar for padleinteresserte i alle aldrar og padlenivå. Det er avgrensa tal deltakarar, så det er prinsippet om førstemann til mølla som gjeld. Meld deg på haustens vakraste padleeventyr snarast, oppmodar Arnason.

Padlekursa går over 16 timar, og innhaldet er skildra på Norges Padleforbund sine sider.

Fredag 30. august er det kort gjennomgang og informasjon frå kurshaldar til deltakarar. Det er kurs både laurdag og sundag. Informasjon om kva du må ha med får du på e-post frå kurshaldar om lag ei veke før.

Erfaren friluftsmann

Vegard Brandal er opphavleg frå Ulsteinvik, og flyttar no tilbake etter ti år med adresse Røros. Han er ein erfaren friluftsmann som har vore på ulike ekspedisjonar. No jobbar han deltid som guide for Fram Expeditions og Hvitserk.

Gjennom jobben har han vore i Sør-Amerika, Mexico, Russland, Kirgisistan og Grønland. Dette har vore turar på fjell, med ski og kajakk. På Kystkultursamlinga fortel Brandal om to av ekspedisjonane; først om 35 dagar med padling i Mexico, og deretter tur i robåt frå Henriksøya ved Hitra til Ulsteinvik på sju dagar.