Statistisk Sentralbyrå (SSB) har rekna på folketalsveksten i Noreg og kan presentere tre ulike alternativ for folketalsutviklinga i kommunane. Det er tatt omsyn til fruktbarheit, levealder, flytting innanfor landet sine grenser og innvandring.

Dersom fruktbarheita, levealderen og innvandringa er høg og flyttinga innanlands er middels, vil Ulstein kommune auke frå dagens 8092 innbyggarar til 13754 innbyggarar i 2040. Ulstein vert då den mest folkerike kommunen på Søre Sunnmøre, saman med Ørsta. Ørsta vil, dersom dei same kriteria vert lagde til grunn, ha eit innbyggartal på 13770 i 2040, mot 10536 innbyggarar i dag.

Herøy vil auke frå 8847 innbyggarar til 11609, Sande frå 2636 til 3205 og Volda frå 8909 til 12836,  medan Vanylven går tilbake frå 3302 til 2814 innbyggarar.

Folketalsutviklinga for Hareid sitt vedkomande ser heller ikkje fullt så positiv ut. Det vert rett nok ein auke, frå 5021 i dag til 6378 i 2040. Men dersom ein legg til grunn parametera for lav vokster, det vil seie at både fruktbarheit, levealder og innvandring vert lav og flyttinga innanlands middels, vil innbyggartalet i Hareid går ned i høve til i dag, til 4857 innbyggarar.

Ulstein aukar uansett

For Ulstein sitt vedkomande vert det auke også om ein nyttar parametera for lav vokster. Då endar folketalet på 10524 i følgje SSB. Ørsta vil få eit folketal på 10895 medan Herøy vil ha ein svak nedgang til 8842 innbyggarar, altså fem færre enn i dag. Talet på sandssokningar vil verte redusert til 2461 medan det vert 1186 færre vanylvingar fram mot 2040, eit folketal på 2116 personar. Volda vil få eit folketal på 10159.

Vert utviklinga middels vil Ulstein ende opp med 11680 innbyggarar, Ørsta får 12027 og Volda 11204. Hareid aukar til 5420, Herøy til 9863, Sande får 2743 innbyggarar medan Vanylven endar opp med eit folketal på 2387 innbyggarar i 2040.