I samband med utbygginga av miljøgate i Sjøgata i Ulsteinvik fungerer Saunesvegen og Bjørndalvegen som omkøyringsvegar. Trafikken har blitt omregulert her og der, men ikkje alle plassar. Det skapar litt forvirring, fortel ein av Vikebladet Vestposten sine lesarar.

– Berre køyrer på

Lesaren fortel at både Saunesvegen og Bjørndalvegen har blitt regulert om til forkøyrsveg. Difor er det fleire som berre køyrer på gjennom rundkøyringa utan å bry seg om vikepliktreglane.

– Dei berre køyrer på. Det er fleire gonger det har vore nære på at bilar smell saman i rundkøyringa.

Dei som køyrer innover, gjennom Bjørndalvegen i retning mot rundkøyringa, har vikeplikt for trafikken frå venstre i rundkøyringa. Det same har trafikken som køyrer utover, gjennom Saunesvegen mot rundkøyringa.

– Her er det vanlege vikepliktreglar for rundkøyring som gjeld. Men likevel køyrer fleire sjåførar rett fram gjennom rundkøyringa utan å bry seg om trafikken frå venstre. Ein dag smell det, avsluttar lesaren.