Selskapet driv nettstaden med same namnHerøynytt AS har kontor i Fosnavåg i Herøy kommune.

Herøynytt vart skipa i 2007, men nettstaden heroynytt.no vart sett i drift alt i 2002. Selskapet har vore eigd av gründerane Aleksander Pettersen, John Birger Våge, Daniel Kvalsvik og Daniel Håheim.

Herøynytt AS står føre ein vidare ekspansjon i sin marknad og ei vidareutvikling av nettstaden. Tre av gründerane blir med i selskapet vidare som minoritetsaksjonærar.

- Ved kjøpet av Herøynytt AS styrker Sunnmørsposten sin posisjon som eigar og drivar av nettstader som først og fremst dekker sine nærområde, men som over tid også vil gå inn i eit nettverk av lokale nettstader på søre Sunnmøre og på Nordvestlandet, seier adm.dir. i Sunnmørsposten AS, Lidvar Flydal, i ein kommentar.

Herøynytt har skaffa seg ein posisjon i nærområde, først og fremst som eit nettbasert redaksjonelt tilbod, men også som ein reklamekanal for annonsørar som ønskjer å bruke digitale kanalar i si marknadsføring. Denne posisjonen skal utviklast vidare, gjennom eiga drift, men også i samarbeid med andre mediehus i Sunnmørsposten konsern.

Herøynytt vil ha eigne tilsette, både til redaksjonelt arbeid og til sal av nettreklame.Styreformann Aleksander Pettersen seier i ein kommentar at gründerane er glade for at Sunnmørsposten AS vil ta over og utvikle Herøynytt vidare.

Sunnmørsposten har lang røynsle med utvikling av nettbasert tilbod til lesarar og annonsørar. Herøynytt vil i den vidare utviklinga dra nytte av dette.