Bjåstad starta på arbeidet med Utflyttarboka 2007 hausten 2004. Han har tidlegare laga register til dei fire bygdebøkene for Hareid og Ulstein, og i 2001 gav han ut Personboka 2000 for dei same kommunane. Under arbeidet med Personboka oppdaga han at det var mange utflyttarar frå Hareid og Ulstein som gjerne ville ha med familiane sine i denne boka, men det var der ikkje plass til. I Personboka står det derfor berre kven den utflytta er gift/sambuar med.

23.500 namn

I midten av oktober skal Utflyttarboka 2007 vere ute i handelen. Her er namna på om lag 5000 personar som har flytta frå Hareid og Ulstein. Det er også registrert kven dei eventuelt er gift/sambuar med, og namna på borna deira. I alt er der om lag 23.500 namn i boka. Interessa blant dei utflytta for å få kome med i boka har vore god, fortel Bjåstad, som har hatt seg litt av ein jobb med å lage høvelege skjema, telefonere og purre på dei som ikkje svara i tide. Dei 23.500 namna er fordelt på ca. 5000 utflyttarar, 14.500 ektefeller/sambuarar og born, og 4000 svigerborn. For to år sidan sende Bjåstad ut 5000 brev til korrekturlesing. Nokre har ikkje svara, og Bjåstad oppmodar dei om å kome med svaret kjapt. Men på to år kan det også skje ein del endringar i familien. Både død, skilsmisser og nye barnefødslar. Så dei som vil ha heilt oppdaterte opplysningar i boka, må skunde seg, forklarer han. Boka er oppdelt i ein hovudtabell der namnet på den utflytta står først, og med familien rett under. Men der er også eit totalregister der alle namn i boka er registrert/registret alfabetisk, og med tilvising til den utflytta. I boka, som får eit sidetal på 610, er der også 70 bilete av folk som har flytta ut frå Hareid og Ulstein. Både innanlands og utanlands. Og viss nokon lurer, så viser statistikken at den største mottakarane av folk frå Ulstein og Hareid er Ålesund og Oslo.