Jenta var på vitjing på ei hytte i Snipsøyrdalen då uhellet skjedde fredag rundt klokka 16.00.

Operasjonssentralen til politiet opplyser at eigarane av hytta er i ferd med å installere ei fontene som sprutar vatn om lag 40 cm over bakken. Om jenta har klatra opp i fontena, eller falle opp i, er uklart.

I løpet av nokre sekund utan tilsyn hadde ho i alle fall fått seg mykje vatn, og det vart slått full alarm. Ambulansehelikopter vart rekvirert, og jenta sendt til Sentralsjukehuset i Ålesund.

Politiet opplyser at dei via AMK-sentralen har fått vite at det har gått godt med barnet.