Prosjektleiarane Runar Muren og Øyvind Adolfsen Foto: Pressefoto

Ferdigstilling av ankerhandteringsfartøyet har vore ei utfordrande oppgåve, skriv Ulsteingroup i ei pressemelding.

Ulstein Verft har sett inn sin fremste ekspertise og leverer prosjektet etter avtale.

Ulstein Verft vann kontrakten med GIEK og Sparebank 1 SR-Bank om ferdigstilling av ankerhandteringsfartøyet i fjor vår. Skipet kom til Ulstein Verft frå det konkursramma Karmsund Maritime Service i august 2009.

- Me er veldig nøgde med fullføringa og leveringa av Normand Ranger. Ferdigstillinga av fartøyet har gått akkurat så bra som me forventa då prosjektet landa hos Ulstein Verft, seier reiar Lars Peder Solstad i Solstad Offshore.

- Det er utfordrande å ta over eit halvfabrikkert skip. Me måtte få kontroll på alt som var gjort, og skaffe oss oversikt over kva leverandørar som framleis var med på prosjektet og komplettere om nødvendig. Samspelet mellom engineering, innkjøp, planlegging og produksjon ved sluttføringa har vore svært viktig. Me har ein organisasjon som har nødvendig kompetanse og erfaring til å takle slike utfordringar, seier ein stolt administrerande direktør ved Ulstein Verft Karsten Sævik.

Eit kraftig ankerhandteringsfartøy

Normand Ranger er av typen VS 490 AHTS frå Wärtsilä Ship Design. Det er 91 meter langt, 22 meter breitt, har ei innreiing for 58 personar og ei dødvekt på om lag 4500 tonn.

- No er Normand Ranger klar for oppdrag i spotmarknaden i Nordsjøen, ein marknad som heldigvis er på veg i rett retning igjen, fortel Lars Peder Solstad.

Normand Ranger er eit kraftig ankerhandteringsfartøy med ei slepekraft på 287 tonn. Skipet er mellom anna utstyrt med Triplex MHD (Multi deck Handler) og Odim ARF (Anchor Recovery Frame) for sikre ankerhanteringsoperasjonar på dekk.

Ein viktig kunde

Solstad Offshore har vore ein viktig kunde for Ulstein i ei årrekkje. Ulstein og Solstad har samarbeidd om fleire prestisjeprosjekt tidlegare som til dømes bygginga av Normand Installer og Normand Seven. Sistnemnde vart Årets skip 2007. Til saman har Ulstein Verft bygd 17 fartøy for reiarlaget, det første ankerhandteringsfartøyet Normand Drott blei levert i 1984.

Nils Mikael Hegrestad fra Sparebank 1Søre Sunnmøre, Karsten Sævik frå Ulstein Verft og Øyvind Adolfsen frå Solstad Offshore. Foto: Pressefoto