Ekteparet Myrthel og Råger Emblem miste sonen Ronny då Bourbon Dolphin kanta og sokk under ankerhandtering av flyteriggen Transocean Rather 12. april 2007. I alt 8 personar miste livet. Ekteparet Emblem ikkje har klart å stå i arbeid sidan ulykka. Kravet som blir fremja er erstatning for tapt arbeidsforteneste fram til no og vidare framover, opplyser advokat Inge E. Grøndalen i advokatfirmaet Stamnæs & Engelsen til avisa Vestlandsnytt. Stemninga vart send til Sunnmøre tingrett før helga. Bourbon Offshore har vedtek ei bot på fem millionar kroner etter forliset. Men reiarlaget har ikkje vedgått skuld for forliset. Betaling av bota – ei erkjenning av skuld – Grøndalen seier til Vestlandsnytt at saksgrunnlaget deira er granskingskommisjonen sin rapport. Eit grundig arbeid som konkluderer med at Bourbon Offshore er å klandre for ulykka, og som resulterte i førelegget på 5 millionar kroner. I juridisk forstand kan det at reiarlaget valde å vedta førelegget tolkast som ei erkjenning av skuld, meiner Grøndalen. Vestlandsnytt skriv at det i forkant av søksmålet har vore gjort forsøk på å forhandle med Bourbon, men at avstanden til no har vore for stor. Reiarlaget har ein frist på fire veker med å gi tilsvar på stemninga. Deretter kan partane eventuelt forlikast. Men Sunnmørsposten skriv 23. januar at eit forlik er lite truleg. Og Kåre Bjørn Våge frå Sandsøya opplyser til avisa at det er på gang fleire andre krav mot reiarlaget. – Det blir heilt klart fleire stemningar. Mange føler seg svikta av reiarlaget, seier Våge, som miste sonen Kjetil Rune under forliset. Våge er skuffa over handteringa dei etterlatne har fått av reiarlaget. Han meiner leiinga var svært imøtekomande fram til kommisjonsrapporten var ferdig og bota betalt. Deretter har det vore lite støtte å få. Kan kome søksmål mot Ulstein Verft Våge varslar også at det kan kome søksmål mot Ulstein Verft. I utgangspunktet meiner han det burde vere Bourbon som gjekk til sak mot verftet. Men så lenge Bourbon ikkje ønskjer det, må dei etterlatne ta tak i det sjølve. – Her er forhold rundt bygginga av båten som absolutt burde vorte sett fokus på i ei rettssak, seier Våge til Sunnmørsposten. Både Vestlandsnytt og Sunnmørsposten har vore i kontakt med leiinga i Bourbon Offshore for å få ein kommentar. Men administrerande direktør Trond Myklebust har svart begge avisene at dei ikkje har teke imot stemninga, og at dei ikkje har nokon kommentar.