Gunmar Grimstad mottek kulturprisen 2010 av ordførar Hans Gisle Holstad. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

– Kulturprisen for 2010 går til ein kandidat som i meir enn 25 år har vore synonym med det positive og byggjande kulturarbeidet, sa hareidsordførar Hans Gisle Holstad då han delte ut kulturprisen under Hareidsstemna sin stemnefest laurdagskvelden.

Grimstad har fleire gonger i veka, gjennom meir enn 25 år, stilt til fast tid, der born og unge stod og venta, til aktivitet inne eller ute i naturen, i all slags vêr og føre.

Han har vore bakmann i Hareid kristelege ungdomslag gjennom alle år. Han har stilt opp for fotballen i aldersbestemte klasser. Og han har aldri sagt nei til å stille opp og gje ei hjelpande hand, vart det sagt under utdelinga.

– Ved sitt daglege arbeid har kandidaten vore med og gjeve oppveksande ungdom i Hareid kommune gode verdiar, mellom anna ved engasjementet sitt i MOT-arbeidet - formidla praktisk gjennom det frivillige kulturarbeidet som har vore kandidaten sitt kjenneteikn gjennom alle år, med hjelp til ungdommen i å ta positive standpunkt til vanskelege val i ungdomsåra, rosa Holstad, som vidare sa at dei haldningane og verdiane som speidararbeidet i Hareid har vore tufta på i alle år, har blitt vidareført av årets prisvinnar på ein eksemplarisk måte.

Takka ungdomane og kona

Gunmar Grimstad takka alle gutar og jenter han har hatt med å gjere i speidaren. Det er tilbakemeldingane frå ungdomen som har gjeve han lyst til å halde fram med arbeidet. Han takka òg kona Kari som har late han få halde på.