- Vi har få spor å gå etter, men vi vurderer fortløpande å ta opp att helikoptersøket, seier Arnfinn Valderhaug i Sunnmøre Politidistrikt.

Han fortel vidare at dei har 20 mann frå Røde Kors som søker etter kvinna, saman med 7 hundar.

Den sakna kvinna, som bur åleine i eit hus i Ulsteinvik sentrum, vart meld sakna onsdag kveld, då familien hennar ikkje fann henne heime, men ho har ikkje blitt sett sidan 1630-tida tysdag ettermiddag.

LES OGSÅ: Leiteaksjon i Ulsteinvik

FOR MOBIL: Leiteaksjon i Ulsteinvik