Saeda Saldic, Thea Myrvåg, Trine Muren, Natalie Liavåg, Marthe Hansen, Sigvald Håkonsholm, Robert Alme, Brynjar Eilertsen, Chetnarong Haugen og Andre Teige. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Det siste innbrotet var i romjula. Tjuven eller tjuvane har fått med seg det meste av verdigjenstandar i ungdomsklubben. På dei tre innbrota sidan september har det forsvunne to fjernsyn, playstation, spel, lys og lydanlegg. Vedkomande har stole sjokolade og andre varer ungdomane skulle selje i kiosken. Ja, til og med biljardkulene til biljardbordet er vekke.

Kvar gong ungdomane har greidd å byggje opp kafeen att, har det kome eit nytt innbrot. No byrjar dei miste motet.

– Me mistar litt motivasjonen til å halde på når det skjer noko heile tida, seier dei.

Bruker kreftene på innbrota

Ungdomsrådet fortel at innbrota har ført til at dei ikkje har fått hatt ope så mykje. Tida deira har gått mykje med til å rydde opp. Det er mellom anna knust to dører. Dei fortel at kommunen har bestilt to nye dører, med uknuseleg glas.

Medan ungdomane i Ulstein har ein ungdomsarbeidar som hjelper dei med ungdomsklubben, er ungdomsklubben i Hareid drive av ungdomsrådet. Dei har ingen ungdomsarbeidar å stø seg til.

– Her skulle ha vore ressursar til å hjelpe oss, kommenterer dei.

– Kva synest de om at det er nokon som gjer innbrot på ungdomsklubben?

– Det synest eg er dumt. Ungdomsrådet jobbar mykje for å halde det ope, så er det nokon som øydelegg. Det går ikkje for alltid. Det kjem til eit punkt der ein går lei, svarer Trine Muren.

Hadde planar

Ungdomane fortel at før dei tok over ungdomskafeen hadde dei ein del planar om kjekke aktivitetar ungdomane i kommunen kunne gjere på ungdomsklubben. Men etter kvart har dei kjekke tinga forsvunne frå lokale.

– No er her ikkje att så mykje å gjere på, sukkar dei.

Dei heldt likevel ope sist fredag. Ungdomane prøver å halde ope kvar fredag. Prix på Hareid hadde sponsa dei med nye varer. Og dei har fått tak i ein miksepult så dei kan spele musikk.

No kryssar ungdomane fingrane for at det blir slutt på innbrot og hærverk. Og at dei kanskje får fleire sponsorar.

Kommunalsjef Oddbjørn Grimstad opplyser at Ungdomsrådet fekk ei ekstraløyving på 30 000 like før jul, på grunn av alle innbrota.

Har ei ubrukt løyving

Kommunalsjefen for Kultur, næring- og samfunnsutvikling forklarer at kommunen er forsikra, men dei har ein eigendel på 50 000 kroner. Og innbrota på ungdomsklubben utgjer tap på noko over trettitusen kroner.

– Det er problematisk med alle innbrota. Dei råkar ungdomane sitt arbeid direkte, kommenterer han.

No er døra og vindauget på nordveggen stengt. Og når det kjem nye dører med uknuseleg glas ved hovudinngangen, reknar han med at det blir slutt på innbrota.

På bakgrunn av dei to første innbrota løyvde Hareid formannskap før jul 30 000 kroner så ungdomsrådet. Pengane skal gå til å kjøpe nytt utstyr til ungdomskafeen. Desse pengane står framleis ubrukte. Heldigvis rakk dei ikkje bruke pengane før jula og det tredje innbrotet kom.