Ressurssenteret på Hareid startar no sitt andre år med undervisning av innvandrarar etter det statlege Introduksjonsprogrammet. Elevane kjem frå Hareid, Volda og Ørsta. Rektor Arild Grimstad opplyser at 25 av elevane frå i fjor alt har tatt avsluttande eksamen og startar no på vidaregåande skule eller i arbeidslivet. Men årets gruppe blir like stor som i fjor, for det kjem stadig nye innvandrar til. I tillegg til dei som fyl Introduksjonsprogrammet er der også ei gruppe elevar som får undervisning på grunnskulenivå. Desse elevane kjem frå alle kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Første skuledagen var alle dei 75 elevane samla i amfiet ved Ressurssenteret. Samarbeidet med Volda og Ørsta kommunar har vart i eit år, og rektor Arild Grimstad slo fast at ingen elevar i fjor klaga på at elevane måtte reise med buss til Hareid. De blir køyrde trygt heilt fram til skuledøra, sa Grimstad, og ønskte dei frammøtte velkomne. Årets elevar kjem frå Somalia, Kongo, Palestina, Iran, Polen, Den dominikanske republikk, USA, Kenya, Burundi og Afghanistan. Nokre av elevane kan alt litt norsk, andre kan ingen ting, og somme forstår heller ikkje engelsk. Grimstad poengterte at skulestartdagen kunne bli eit viktig punkt i livet deira. Kanskje den største i løpet av dei to åra elevane skal følgje undervisninga ved Ressurssenteret. I dag startar de arbeidet med å lære det norske språket, bli integrerte i det norske samfunnet. De står framfor ein lang og vanskeleg jobb, sa Grimstad. Han trøysta dei med at Ressurssenteret har lærarar som har spesialisert seg på å lære framandspråklege norsk. Den som er aktiv og interessert lærer best, tipsa han. Også ordførar Gunn Berit Gjerde var med på velkomstseremonien i amfiet. Ho hadde på seg ordførarkjeda, slik ho brukar når det er spesielt viktige hendingar som står på programmet. Gjerde ønskte elevane velkomne til Hareid, og slo fast at dei var med på å gje Hareid eit positivt mangfald.