Vattøya-Sandøya har fått forvaltningsplan. Bilde: Sunnmorskart.no.

Vattøya-Sandøya er eitt av 11 område i Møre og Romsdal med hekkande sjøfugl som no har fått ein forvaltningsplan. I tillegg til kamp mot tre, busjkar og kratt som veks seg for høge varslar skjøtselsplanen kamp mot framande rovviltartar som mink. Det er fritt fram for jakt på mink i området – slik det har vore før.

Til liks med fleire andre hekkeplassar for sjøfugl har det vore ein nedgang i bestanden også på Vattøya og Sandøya. Ei av forklaringane er tilgroinga: Alt for omfattande vegetasjon hindrar den frie utsikta for reirfuglane, slik at eggrøvarar som kråker og ramnar kan gøyme seg for dei.

Det skal likevel stå att nokre kratt nærast sjøen – som attraktive reirplassar for t.d. ærfugl.

Det er Vatttøya som har det største behovet for tre- og krattrydding. Sjølv om omfanget av gjengroinga er relativ sparsam, er både lauvtre, gran og sitkagran i ferd med å etablere seg i reservatet. Gran og sitkagran er også planta ved fleire av fritidsbustadene utanfor reservatet. Også desse bør fjernast ettersom dei kan spreie seg inn i reservatet. Rydding av tre og kratt må skje manuelt og utanom tida med ferdselsforbod. Grunneigarane vil få orientering om skjøtselstiltaaka i forkant, og får dermed høve til å kome med innspel til korleis arbeidet skal utførast.

Brenning vil også vere aktuelt – for å ta ned ein del grov lyng. Men dette må som regel skje frå januar til seinast utgangen av mars, når jordsmonnet er frose eller fuktig. På den måten overlever planterøtene og frøbanken i jorda, som igjen kan spire til sommaren/hausten. Brenning er også aktuelt for å fjerne greiner og kvistar etter treryddinga.

Sjølv om det ikkje går husdyr i området i dag, er øya framleis godt eigna til beiting. Fylkesmannen vil ikkje ta initiativ til beiteaktivitet, men dersom grunneigarane ønskjer å nytte reservatet til eit slikt formål, opnar verneforskrifta for det. Beiting i kombinasjon med rydding av kratt er truleg det beste skjøtselstiltaket for å oppretthalde og fremje verneverdiane på Vattøya.

Fylkesmannen rår til at skjøtselstiltak på Vattøya blir først prioritert, og at tiltaka tek til med rydding av tre og kratt. I tillegg til vegetasjonsrydding vil lyngbrenning på Lyngholmen og Sandøya vere viktige skjøtselstiltak. Grunneigarane kan heilt eller delvis få dekt kostnader til skjøtselsarbeid og naudsynt materiell etter avtale med Fylkesmannen, som ser for seg 2013, 2016 og 2019 som tiltaksår.