Mange møtte opp for å høyre om det nye tilbodet frå Tussa. Foto: unknown

– Dette er ny rekord! Vi har no gjennomført over 40 informasjonsmøte og aldri før har kundane vist større interesse enn i dette området, fortel salssjef for fiber i Tussa, Steinar Hauge.

Mange signerte kontraktar på møte, og allereie onsdag ettermiddag startar seljarane ute i feltet.

– Dette lovar særs bra og vi har fått ein kanonstart på salet i området.

Herøyværingar har meir Tussafiber i vente, og fleire salsfelt vil bli opna i nærmaste framtid, informerer Hauge.