Huset dei vart tildelt, låg rett ved det planlagde nye leilegheitsprosjektet ved småbåthamna på indre Hareid. Det å ha ein mekkeklubb som nærmaste nabo ville nok ikkje vere populært blant eventuelle kjøparar, så det vart ein lang ventetid før det no ser ut til å ordne seg. Hans-Ola Holstad er ein av dei som er drivkrafta bak klubben. - Vi fekk beskjed om at vi skulle vere freda i ti år. Då vi då las om byggeprosjektet i avisa, følte vi oss ført bak lyset. Vi har vore mange gonger på rådhuset, men der er dei trege, og det var mykje fram og tilbake. Dei hadde mellom anna eit møte i formannskapet der det vart førelått å tilsetje nokon for å lære oss å skru bil, fortel Hans-Ola. Han gjev tydeleg uttrykk for kva han meiner om den ideen. Lokala har eit lite egna jordgolv, så dei må legge nytt golv. No ventar dei berre på at telen skal gje seg før dei set i gang. - Det har tatt lang tid, men no trur eg det skal verte bra. Vi har fått 200 000 til oppussing, og skal legge inn vatn og kloakk, fortel han. - Vi håpar å verte ferdige til sommaren. Det vert ikkje flytta ein bil inn før det er heilt ferdig, seier ein bestemt Hans-Ola, som gler seg til å endeleg få kome i gang.