Etter ei rask oppteljing kunne Aksel Hauge stadfeste at det var mellom 150-170 personar i det gamle tunet der Løsetgarden stod.

Foreldra til Judith Løset Kaldhol, Sina og Adolf Løset, var dei siste brukarane på dennne garden, og Judith fortalde mange spanade historier frå gamalt av.

- Det er sagt at ingen nokon gong gjekk svolten frå Løsetgarden, påpeika ho muntert medan små og store lytta engasjert i solsteiken.

Det er første vandringa i regi av Ulstein historielag i år, og neste vert arrangert søndag 12. september. Då er det den internasjonale kulturminnedagen. Då går turen frå Ryssholmen og ut til Ulstein gamle kyrkjegard.

Meir frå søndagens vandringa kan du lese i papirutgåva av "Vikebladet Vestposten" tysdag.