Trollbindande musikalske pust i Hareidhallen laurdag - frå v.: Elisabeth Anvik, Mads Iversen, Jostein Hasselgård (tidlegare norsk Grand Prix-kjendis), Jorun Lovise Husan, Ann Hilde Grøv og Håvard Gravdal. Foto: Leiv Arne Grimstad

I dagane før konserten brukte Hareidsstemne-general Arild Grimstad uvanleg sterke ord om dei seks songarane. Han strekte seg så langt som til å seie at vi knapt har høyrt maken før - og då med det i friskt mente at både Real Group og Nordic Tenors har stått på Hareidsstemna si gjesteliste.

Og faktisk var det malm i påstanden: PUST var hinsides gode, men delvis på ein annan måte enn dei to nemnde vokalgruppene.

PUST markerer tydeleg at dei er norske i det dei held ei markert kontakt til det folkemusikalske. Spesielt fascinerande var dei songnumra (eller songleikane, kunne vi kalle dei) der songarane let seg gjennomtrenge av lydar som spring ut frå det folkelege og naturnære.

Samtidig som PUST er svært nytenkjande, tek dei også opp kjende tekstar - av mellom andre Alf Prøysen, Arne Garborg, Inger Hagerup og André Bjerke.

I 2011 legg PUST ut på ein stor USA-turné. Dei ca 175 som sat og lytta i Hareidhallen laurdag, forstår godt kvifor amerikanarane har teke dei til brystet - og kanskje spesielt norsk-amerikanarane!