- Dette er ei stor ære, og svært gledeleg både for oss og dei lokale leverandørane våre, sa dagleg leiar Nils-Roar Hareide, då han tok imot prisen på den store bransjefesten til den nasjonale VVS-messa i Oslo torsdag kveld.

Det er Norsk VVS Energi- og Miljøteknisk forening som deler ut den svært ettertrakta VVS-prisen. Målet med den er å fremje gode løysingar for varme-, ventilasjon- og sanitæranlegg i bygg, og å kome fram til tekniske løysingar og ingeniørarbeid som bidreg til godt inne-miljø og lågt forbruk av energi.

Ved Runde Miljøsenter vart det lagt opp til fleksible og miljøvennlege tekniske løysingar heilt frå dei første utkasta til teikningar vart laga. Nettopp dette at det er tenkt miljø, framtidsretta og berekraftige løysingar heilt frå starten, er ein viktig grunn til at forskings- og formidlingssenteret fekk VVS-prisen. Og like viktig er det at senteret aktivt informerer om anlegget, og nesten dagleg tek besøkande med på omvisingar.

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar, som vart offisielt opna 1. oktober i fjor. Sidan senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvennlege bygningsmateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.

Runde Miljøsenter er ein regional pådrivar for framtidsretta energiløysingar. Fordi det er brukt lokale leverandørar har mange verksemder i området fått høve til å hauste verdifulle erfaringar. Senteret er også i seg sjølv eit attraktivt demonstrasjonsbygg og eit utstillingsvindauge for miljøvennleg teknologi og miljøvennlege materiale. Dette er også grunnen til at senteret er eit forbildeprosjekt for ENOVA.

Ved å gi VVS-prisen for 2010 til Runde Miljøsenter, vil Norsk VVS Energi- og Miljøteknisk forening bidra til endå større merksemd om prosjektet, og auka interesse for framtidsretta tekniske installasjonar i bygg.

Nils- Roar Hareide og Alex Rosèn under prisutdelinga Foto: Knut Werner Alsén