Då saka var opp i Oppvekst- og kulturutvalet fann ikkje dei midlar å avsjå til lysløype på Leikongeidet. Men ordførar Hannelore Måseide (Ap) syntest det var synd å sende ei slik sag tilbake med avslag. Ei lysløype på Leikongeidet vil verre eit flott tiltak for heile regionen, meinte ho. Difor var det viktig at kommunen løyvde desse kronene. Pengane skal takast frå kontoen for tilleggsløyvingar. Det fekk ho resten av formannskapet med på. Saka skal vidare opp i kommunestyret.