NAV-kontoret

Hareid formannskap vedtok i siste møte at NAV-kontoret for Hareid kommune, som blir etablert i løpet av 2007, blir plassert i nybygget "Floten 2" i Kjøpmannsgata. Formannskapet godkjenner målsetjinga om at heile sosialkontoret inkludert økonomisk rådgjevar inngår i NAV-kontoret. Men dette må ein arbeide vidare med og få til ei endeleg avklaring av gjennom ein samarbeidsavtale. Formannskapet godkjenner også at rådmannen og ordføraren blir kommunen sine representantar i styringsgruppa.

500.000+ for bygningsteikningar og funksjonsskildring av Hareid skule

Hareid formannskap har vedteke å engasjere Conplan ved John Moldskred til å utarbeide bygningsteikningar og funksjonsskildring for Hareid skule innafor ei ramme på 500.000 kroner ekskl. moms. I arbeidet skal følgjande vere med: - Utarbeiding av planteikning, snitt og fasadar for nybygg inntil 1.470 kvm. - Utarbeiding av planteikning og snitt. - Utarbeiding av funksjonsskildring for bygningsmessige fag. Fuksjonsskildring inneheld kva utføring byggherren vil ha på kvalitet, utføring m.m. - men inneheld ikkje mengde. Dette må entreprenørane sjølve rekne ut utifrå teikningar. - For tekniske fag skal det bli utarbeidt funksjonsskildring på el-arbeid, heis, ventilasjon og rørleggararbeid på grunnlag av bygningsteikningen som ligg føre. Med i prisen er også innhenting av tilbod, vurdering av tilbod og tilråding til byggherre om val av entreprenør innafor dei ulike faga. Rådmannen får fullmakt til å skrive kontrakt om dette med Conplan. Saka blir å legge fram som melding til kommunestyret

Held fast på riving av Alvestadbua

Hareid formannskap har med 6 mot 1 røyst vedteke å rive Alvestadbua i tråd med formannskapsvedtak nr. 91 i 2006.