Trond Are Thomassen, formann i klubben, meiner at fotografering er ein så hyggeleg hobby at fleire unge burde slenge seg med. Kurset er for alle, men dei under 18 år får kurset gratis. Dei som er over 18, må betale 100,- kroner for dei to kveldane, som blir onsdagane 31. januar og 14. februar - begge kveldane i tre timar. Kurshaldarar blir styremedlemene i Fotodilla. Dei har både kompetanse og utstyr. - Dersom deltakarane har utstyr, så bør dei ta med dette. Men vi låner også ut vårt eige utstyr, seier Thomassen. Under kurset vil deltakaren lære korleis dei skal setje opp eit eige heimestudio for portrettfotografering. - Det går på korleis ein skal plassere lyset, val av bakgrunn og posering. I tillegg lærer ein korleis ein kan behandle bilda i fotoprogram på pc, slik at dei blir endå betre. - I dag er det ikkje nødvendig å ha rådyrt utstyr for å få gode bilde. Utstyret i dag er generelt av slik høg kvalitet at mange kan få gdoe resultat ved å gi bilda den siste fiffen i eit fotoprogram. - I denne omgangen gjeld det pportrettering, seier Thomassen. - Seinare i vår vil vi satse på liknande kurs. Eit tema då vil kunne vere fotografering av solnedgangar, Thomassen ser heller ikkje bort frå at portrettfoto kan bli eit tema i fotoklubben sine faste fotokonkurransar. Kurset skal vere på Ulstein skule på Skeide, i SFO-romet. Påmeldingsfristen er sett til 28. januar.