Saka kjem opp i Hareid formannskap i dag torsdag. Sidan Hareid kommune alt har gåande ein mellombels uttaksavtale med Nord-Berg AS i det aktuelle området fram til 30. juni i år, synest ikkje rådmannen det er rett å opprette eit nytt avtaleforhold parallelt med den mellombelse avtalen. Rådmannen frårår derfor å sleppe til Brekke & Kleppe Anlegg alt no. Han foreslår i staden å vidareføre leigeavtalen om steinuttak på kommunen sitt areal på Risneset, etter at Nord-Berg sin mellombelse periode er ute, gjennom ei offentleg utlysing slik at fleire aktørar kan få høve til å inngå avtale med kommunen.

Har mykje å gjere

Dagleg leiar i Brekke & Kleppe Anlegg, Joar Dimmen Brekke, opplyser at dei for tida har tre fast tilsette og at dei hadde ei omsetning på ca 6 mill. kroner i 2006. Dei har fleire store kontraktar i sikte i 2007, men for å vere konkurransedyktige er det viktig for dei å ha tilgang til sprengingsmasse til fornuftig pris. Brekke & Kleppe er interessert i ein avtale over 10 år.