Nyhende →
Familie kom uskadd frå husbrann i Botnen
Måndag kveld vart det slått brannalarm for eit bolighus i Botnen i Ulstein kommune. Garasjen og bilen til familia i huset stod ikkje til å redde då brannmannskapa kom til staden, og dei konsentrerte seg derfor om å redde huset. Alle som budde i huset kom seg uskadde ut.