I laurdagsutgåva fekk lesarane sjå at Alvestadbua sine dagar på Ytre Hareid no var talde og at rivinga av byggverket var i full sving. Ved riving av gamle bygg er det ikkje uvanleg at fleire rare ting kjem for dagen, slik var det også for dette bygget, som mellom anna har hatt ei temmeleg skeiv skorsteinspipe. Ved Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fortel Brit Hansen at dei har høyrt om liknande skeive skorsteinspiper og at forklaringane på den noko underlege byggestilen kan variere. Etter å ha drøfta spørsmålet litt med dei andre på avdelinga trur dei der på huset at dette kan ha vorte gjort slik for å få ei god tilpasning til ulike eldstader i bygget. Det har også vorte hevda at ei litt svingete pipe vil gi betre trekk enn ei som er heilt bein. Hansen kan elles ikkje gi noko meir utfyllande opplysningar om fenomenet, men rår oss til å kontakte eldre personar i murarfaget for å høyre kva dei har å seie om dette. Ordskalden Per Sandanger på Larsnes fortel at hans eldste bror, Jens, var murar og mura opp mange hus i Sande, og sjølvsagt også skorsteinspiper. Etter det han kan minnast frå broren sin muraraktivitet trur Sandanger at dei skeive pipene kom mykje av at dei måtte tilpassast bygget slik at dei gjekk klar bjelkar og det resten av treverket. Det kan også godt vere at noko skeive piper kunne gi betre trekk i omnen, men vart det for mykje bøy på pipa meiner han at trekken kom til å verte dårlegare. Det mest vanlege byggematerialet for skorsteinspiper før i tida var den raudbrune klinkersteinen, men det vart også brukt mykje vanleg murstein. Klinkersteinen var rekna for å vere meir brannsikker. Sandanger fortel at pipene hadde dimensjonar som einsteins-, tosteins-, og tresteinspiper osv. Denne måleeininga var etter den innvendige opninga, rekna etter liggjande stein. Ei firesteinspipe var rekna som ei relativt stor pipe. Sandanger fortel at ved oppmuringa av pipene vart dei gjerne pussa innvendig etter kvart. Det var rekna som viktig at pipene skulle vere glatte innvendig. Dei vart også pussa utvendig, men på eldre hus ser ein likevel ofte at dei er upussa, spesielt i kjellar og på mørkeloftet. I opphaldsromma skulle det gjerne vere finare og der vart dei pussa og stelt. Det vert også fortalt at gamle mursteinspiper med tida smuldrar opp og vert både farlege og ubrukelege. Oftast starta skaden på mørkeloftet der kondens og frost var årsaka til skadane. Det har også vorte hevda at skeive skorsteinspiper før i tida kom av at det den gongen ikkje var så nøye med om alt var beint. Det viktigaste var at ein trefte holet i taket når ein kom opp, vert det sagt. Kva som er den heilt rette forklaringa på desse skeive pipene kan ein såleis ikkje seie heilt sikkert.