Hurtigruten Group har enno ikkje klart å skaffe erstatningsferje over Sulafjorden. På femte døgnet må "Vardehorn" handtere all trafikk åleine. Men selskapet har eit håp om at Melshorn kan vere tilbake i sambandet fredag.
Klokka 11.55 onsdag var det tett med bilar som venta på å få sleppe om bord i "Vardehorn" på oppstillingsplassen ved Hareid ferjekai. Pendlarar og yrkessjåførar begynner no å misse tolmodet.