For å stette krava i fastlegeordninga søkjer kommunen no om å opprette ein ekstra stillingsheimel for lege i kommunen. Den nye legeheimelen blir knytt til Ulstein legesenter AS. Som rekrutteringstiltak gir Ulstein kommune garanti for løn/driftskostnader i eit år til den nye legen (jamfør tilsvarande ordning for dei to sist tilsette legane). Rådmannen fekk fullmakt til å forhandle for kommunen med legesenteret om å få dekka utgifter knytt til legevakt. Ordførar Hannelore Måseide sa seg ugild i denne saka, då ho er gift med part i legesenteret, og var såleis ikkje med på vedtaket.