Det å gjere potensielle arbeidstakarar merksame på jobbalternativa ved verftet er eit satsingsområde. Spesielt i ei tid med mangel på kvalifisert arbeidskraft. Kathrine Lyster Strømnes frå Leikong og Inger-Lise Breivik frå Harøy er begge studentar ved linja innovasjonsleiing og entrepenørskap. Dei to meinte at tiltaket var eit smart trekk av bedrifta. - Vi har no fått opp augene for alle mogelegheitene som er i denne bransjen. Det er ikkje berre sveisarar dei treng. Både innan logistikk og produktutvikling er det behov for arbeidskraft, seier dei til Sunnmørsposten.