Mange store og viktige kulturprosjekt i fylket er årsaka til at kulturdirektøren ønskjer å skyve pengestøtta til Sunnmøre Museum, melder smp.no. Museet har fått ein finansieringsplan for vernebygget over ishavsskuta Aarvak på rundt 1,3 millionar, og 700.000 kroner skulle tildelast i løpet av 2007. I vurderinga frå kulturdirektøren, som skal opp på møte i kulturutvalet i Møre og Romsdal 7. mars, ligg det forslag om å strekkje finansieringa ut til budsjettet for 2008. Kulturdirektøren skriv i vurderinga at han ikkje trur forskyvinga i pengestøtte vil vere til vesentleg ulempe for dei det gjeld. Men styreformann Ottar Håkonsholm i Ishavsmuseet Aarvak er av ei anna oppfatning.

Anbodsfristen går ut 15. mars

Eg må vere litt forsiktig, for eg har ikkje lese kva fylkesdirektøren skriv, men det er opplagt at det hastar med å kome i gang med vernebygget, og at vi treng pengane, seier han til Vikebladet Vestposten. Anbodsfristen for vernebygget går ut 15. mars, og Håkonsholm opplyser at målet er å starte bygginga i vår. Håpet hans er at dei som leverer inn anbod held seg til den stipulerte summen på 10 millionar kroner. Gjer dei det, er bygget nesten fullfinansiert.

Tilstandsrapporten er ferdig

Største bidragsytaren til vernebygget er staten, deretter følgjer fylket og Hareid kommune. Men lokalt næringsliv er også ein viktig bidragsytar. Ishavsskuta Aarvak har no lege i dokk i fleire år, og trass i iherdig dugnadsarbeid har rotskadane blitt stadig større. Enkelte har drege i tvil om det i det heile teke var vits i å lage vernebygg over henne. Der er folk som meiner ho er i ferd med å gå tapt. For ei tid tilbake kom Fartøyvernsenteret i Hardanger til Brandal for å studere skuta. Fartøyvernsenteret er høgrehanda til Riksantikvaren, og målet med brandalsturen var å lage ein tilstandsrapport. Håkonsholm har nettopp fått rapporten i hende, og har ikkje fått studert han. Men skumma han har han gjort, og han har ikkje kome over noko som tilseier at det ikkje er grunn til å verne skuta vidare.

Fylkeskulturutvalet til Brandal 7. mars

Onsdag 7. mars kjem forresten fylkeskulturutvalet til Brandal. Då skal dei få sjå både Ishavsmuseet og Aarvak. Det gler vi oss til. Vi har ein god dialog både med fylkeskulturutvalet og fylkeskultursjef Arvid Blindheim, og då får vi ta opp forslaget om å forskyve midlane også, kommenterer Håkonsholm.