Synfaringa og møtet skulle opphavleg vere tidlegare i vinter, men då vart det utsett på grunn av sjukdom. Tysdag 20. mars kjem det representantar frå Kystverket Midt-Noreg, Fiskeridirektoratet, Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet for å ha møte med Ulstein kommune om utbygginga av Sjøsida. Følgjet skal vere i Ulsteinvik i fire timar. På denne tida skal representantane få orientering om Ulstein kommune på kommunehuset. Det skal vere orientering av planen, den sentrale handsaminga og utveksling av synspunkt. Fire lokale interessentar skal få orientere i 20 minutt før synfaringa tek til. Dette etter påtrykk frå Ulstein kommune. Synfaringa skal vere klokka kvart over to. Departementa har bestemt at møtet inne på rådhuset ikkje er ope for presse eller andre skodelystne.