Meldinga kom klokka 05.50 fredag morgon, og då politiet kom fram til Hareid fann dei dei ut at den svarte Volvoen hadde køyrt inn i ein bil som stod parkert på plassen. Eigaren av Volvoen vart spora opp i ein bustad i Hareid sentrum, der han sat saman med ein gjeng. Han vart tatt med til politikontoret for nærare avhøyrt, og sett i arrest. Dette fordi han verka psykisk ustabil og fordi han var tydeleg rusa.