Det er kanskje ikkje akkurat Tour de France Halvard og kjæresten Heidi-Beate Siring har sykla i sommar. Men distansen Lindesnes - Nordkapp er heller ikkje nokon tur for utrimma trimmarar. Sjølv om det var fredag 13. juni Halvard og Turid-Mette sette seg på sykkelsetet, kom dei seg vel gjennom Norge på langs. Og 13. juli var dei i mål på Nordkapp. – Folk var litt skeptiske til oss. Dei sa at vi ikkje var godt nok budde til ei slik ferd, og at vi heller burde begynne med Trondheim-Oslo. Men vi var rett og slett ute etter ein ferietur der vi fekk oppleve noko. Så sjølv om vi ikkje fekk trent så mykje som ønska før avreise, så hadde vi trua, fortel Halvard. Det er tysdag formiddag og vi sit på verandaen i Brettgarden på Grimstad. Halvard snakkar i store ord om den lange sykkelturen. Han hadde ei vogn bak på sykkelen sin under ferda. Det gjorde ikkje syklinga lettare. – I barndomen hadde eg kanskje ein gymbag bak på bagasjebrettet på sykkelen. Og eg sykla her frå Grimstad og ned til skulen. Dette var noko heilt anna, gliser grimstingen.

Varmebølgje i nord

Han melder om ein heilt fantastisk tur. Dei var svært heldige med veret, og unngjekk sjukdom og likanande. Halvard og Heidi-Beate fekk oppleve mykje under turen, men spesielt Nord-Norge gjorde eit sterkt inntrykk. – Etter at vi kom til Mosjøen valte vi å sykle langs kysten. Det var ei fantastisk oppleving. Vidare tok vi båt frå Bodø til Moskenes. Lofoten var enormt. Eg hadde jo aldri vore nord for Trondheim før denne turen. – Temperaturen minka då vi kom til Nord-Troms og Finnmark. Men det var ikkje så gale. Faktisk var landsdelen råka av ei varmebølgje då vi var der, fortel Halvard.

Å bryte var aldri tema

Det var meir og meir slitsamt til nærare Nordkapp dei kom. Men å bryte var aldri eit tema. – Då vi kom til Alta var eg fast bestemt på at vi skulle i mål, om vi så måtte gå siste meterane. Eller mila blir kanskje meir rett å seie. Eg veit om ein gjeng som sykla frå Nordkapp og sørover, men dei gav seg då dei kom til Gjøvik. Noko liknande hadde vore utruleg bittert, meiner Halvard.

Anna enn Syden

Men dei kom i mål. Dei sykla effektivt seks, sju timar kvar dag, rundt ti mil. Berre to kviledagar vart det, begge hos Halvard sin bror Trond i Trondheim. Dei sov i telt dei aller fleste nettene. Då dei endeleg kom til Nordkapp tok dei buss til Alta, der dei var eit par dagar. Så tok dei fly sørover igjen. – Eg anbefaler alle med interesse for frisk luft og sykling å gjere noko slikt. Du får jo sett heile det norske land, og det er noko heilt anna enn ein Syden-tur. Men klart, det er forskjell på fineveret som vi fekk oppleve, og om det hadde vore regn heile tida.

Halvard og Turid-Mette på ein campingplass i Verdal.