Dei 220 elevane ved Hareid ungdomsskule vart i dagtidleg sende heim att. Å drive skule utan vatn for så mange personar er ikkje tilrådeleg. Rektor Marit Øien Sæverud uttalte tidlegare i dag at ho håper vatnet snart kjem att, slik at dei kan drive vanleg skule i morgon, fredag. Men klokka 15.15 torsdag er det altså framleis uvisst. – Eg håper vi klarer det, men eg vil ikkje vere skråsikker, seier områdeleiar Nils Yngve Nupen. Natt til torsdag var det 6–7 personar som jobba i 21 minusgrader med å lokalisere brotstaden og gjere dei naudsynte prosedyrane i kummane. I tillegg var det folk som overvaka dataanlegget til Hareid vassverk ved utelageret i Hareidsmyrane. – Vi er temmeleg sikre på kvar brotet er, men vi har hatt visse vanskar med maskinane, derfor har vi ikkje begynte å grave enno, fortel Nupen. Brotstaden er truleg under asfalten på parkeringsplassen ved Hareid kommunale kunst- og kulturskule. Entreprenøren er no komen på plass, og håpet er altså at ungdomsskulen skal få tilbake vatnet i løpet av kvelden/natta. I tillegg til ungdomsskulen er også bedrifta Jets og ein husstand på Rima utan vatn. Onsdag kveld var også Hovlida og Rise utan vatn. Norway Pelagic får ikkje vatn til produksjonen Men Nupen opplyser at han no er nøydd til å varsle Norway Pelagic i Hjørungavåg om at dei må stoppe vassbruken til produksjonen. Høgdebassenget i Melshornlia er no tappa nesten tomt.
Nyhende →
Uvisst kva tid ungdomsskulen får vatn
Ved Hareid ungdomsskule er det framleis vasslaust, og områdeleiar Nils Yngve Nupen kan ikkje svare sikkert på kva tid vatnet renn i røra igjen.