Heretter vil det bli lettare å finne fram, lovar Nils Yngve Nupen og Anita Sundnes Skeide ved teknisk etat i Hareid kommune.

Store fordelar

På Hareid har det tidlegare ikkje vore verken gatenamn eller husnummer. I den seinare tid har Geilane og Ytre Hareid fått sett opp vegskilt. Av praktiske omsyn fann vi no ut at det var på tide, vi har lenge hatt gateadresser på ynskjelista, forklarar Skeide. Det vert no lettare å finne fram både for besøkjande, feiar, brannvesen og ambulanse. Før måtte ein vere lokalkjend for å finne vegen til enkelte husstandar, meiner ho. Ho har hatt mange timar med planlegging bak seg, for det er ikkje berre å dele ut kva som helst slags husnummer. Vi har måtte ta omsyn til sidevegar, potensielle bustadtomter, og enkelte hus har grensa til fleire gater. Men no føler eg vi har kome i mål, konkluderer ho. Det er dei store byggefelta i Hareid sentrum som fyrst får gatenamn, men i løpet av eit par år bør heile kommunen vere dekt, tippar Skeide. Kor kjapt dette arbeidet kan gå kjem an på kor mykje pengar politikarane løyver til prosjektet. Det kostar om lag 50.000 kroner å skilte kvart byggefelt, fortel Nils Yngve Nupen. Han understrekar at så snart pengane er på plass rykkjer dei ut for å namngi gatene, deretter vil det bli tildelt husnummer.

Adressekart

Dei huseigarane som får tildelt husnummer i fyrste omgang, vil få tilsendt kart med si gate på. Slik kan dei sjå kvifor dei har fått akkurat det nummeret dei har fått, forklarar Skeide. I tillegg er det lagt ut eit adressekart på heimesida til Hareid kommune. Tidlegare har det berre eksistert matrikkeladresser bygd opp av gards- og bruksnummer, og desse adressene har vore ubrukelege å finne fram med. Desse gamle nummera har ikkje innverknad på dei nye husnummera. Skeide og Nupen peikar på at når folk går til innkjøp av nummerskilt til husa sine, så må dei følgje det kommunale vedtaket om at det skal vere kvite skilt med svarte tal på. I tillegg skal skiltet ha svart ramme. Desse skilta er mykje meir synlege enn til dømes messingskilt, forklarar dei to. Dei gler seg begge til alle gateadresser er på plass, og meiner det er eit kjempebra tiltak for innbyggarane i kommunen.

Glad forkjempar

Ein av dei som har vore med på å fremje forslaget om skilting for kommunestyret, er dagleg leiar i Aktiv omsorg, Anders Riise. Han er særs nøgd med at dette forslaget har fått gjennomslag, og at skiltinga no er i gang. Kartsystemet i ambulansane er nemleg avhengig av både gatenamn og husnummer for å fungere. Vi er avhengig av at kommunen legg til rette for oss, dersom vi skal få gjort jobben vår så godt som mogleg, seier han. Han presiserer at det er viktig at bustadene blir merka med kvite skilt, som reflekterer lyset og er godt synlege både dag og natt. Riise meiner dei har klart seg nokolunde utan skilting til no, sidan dei fleste sjåførane har vore lokalkjende. Men no etter kvart har dei fått meir rekruttering utanfrå bygda, og det er difor viktig at desse kan stole på kartsystemet i bilane.