Oppvekst- og kulturutvalet handsama i går søknaden som går på tilråding om at prosjektet, som offisielt er kalla "utviding av gymsal" får spelemidlar. Håpet er at utvidinga kan få 2.450.000 kroner i slike midlar til delfinansiering for prosjektet som er kostnadsrekna til 7,9 mill. Sande kommune har pr. i dag ikkje idrettshall som tilfredsstiller behova for idrettslege og andre fysiske aktivitetar. Oppvekst- og kulturutvalet vil i den samanheng vise til vedlagde behovsoppgåve. Uttalen frå aktive, ansvarlege leiarar viser klart at det er behov for ei snarleg utviding av gymsalen slik at han blir meir funksjonell. Ei stegvis utbygging slik den er planlagt er svært nødvendig, heiter det i framlegget til vedtak frå kommunen. Eit slikt tiltak har prioritet i kommuneplanen for idrett og fysisk aktivitet i Sande kommune, skriv Vestlandsnytt.