Av alle sakene som var til handsaming i Hareid kommunestyre torsdag, var det saka om overdraging av Trudvang som avgjort tok lengst tid. Mange forslag vart lagde på bordet, og det måtte også leggjast inn eit gruppemøte. Rådmann Arne Gunnar Aschehoug si tilråding gjekk ut på at Fantehuset ved leiar Andreas Grimstad skulle få overta Trudvang vederlagsfritt. Men Øyvind Grimstad og resten av Framstegspartiet ville gå endå eit hakk lenger: Partiet fremja forslag om at Trudvang skulle få fritak for kommunale avgifter, og at Hareid kommune dekkjer straumen ut 2009. Dag Audun Eliassen signaliserte at også Folkelista meinte det var positivt at ungdomane fekk overtak huset. Men før han gjekk til røysting ville han ha avklart om kommunen dekkjer reparasjonskostnadene på om lag 15.000 kroner med midlar frå den statlege tiltakspakken. Det siste kunne områdeleiar for kultur, Oddbjørn Grimstad, svare ja på. Planen er at kommunen skal reparere lekkasjen frå taket før huset blir overdrege til dei nye eigarane. Høgre sa nei Deretter slapp Anders Riise ein overraskande katt ut av sekken. Han varsla at Høgre ville gå imot å overføre Trudvang til ungdomane. Riise understreka at Høgre var positive til innsatslysta til ungdommane, men at partiet meinte der var for mange usikre sider. - Vi veit ikkje kva konsekvensar rundkøyringa på Holstad vil få for Trudvang, og vi veit heller ikkje kva Miljøverndepartementet kjem til å konkludere med når det gjeld regulering i Hareidsmyrane. Riise peika også på at "Fantehuset" ikkje er noko stifting eller formelt selskap, og at dei dermed kan få problem med å skaffe seg lån så lenge kommunen har klausulane i avtalen. Oskar Grimstad (Frp.) meinte Høgre formaliserte for mykje. - Viss vi leitar etter problem, så finn vi dei, sa Grimstad. Også Inga Ishild Hareide (SV) ville vere positiv til initiativet frå "Fantehuset". Slik ho hadde forstått det kunne huset stå sjølv om der kom rundkøyring, og ho peika på at huset ikkje skulle overdragast med tomt. - Og reint personleg håper eg på at Trudvang får ein vegg med flott graffiti. Det hadde vore spenstig. Etter gruppemøtet varsla Dag Audun Eliassen at Folkelista ville gå inn for det justere forslaget frå Framstegspartiet, som inneber at kommunen yter eit tilskot tilsvarande dei årlege kommunale avgiftene, pluss betaling av straum ut 2009. Ordførar Hans Gisle Holstad var også positiv, men ville ikkje gå så langt, og lanserte eit forslag om at kommunen skulle dekkje kommunale avgifter og straum ut 2009. Men forslaget hans fall. Det same gjorde Høgre sitt forslag om å seie nei til overdraging. Dermed fekk forslaget frå Framstegspartiet, med tilslutning frå Folkelista, fleirtal. - "Fantehuset" veit kva dei går til Stian Runne Brandal, leiar i Hareid Arbeidarparti, sat og lytta til debatten. Runne Brandal er kasserar i "Fantehuset", og han seier til Vikebladet Vestposten at han er kjempeglad for utfallet. Noko av det første som no skal skje, er at dei registrerer selskapet i Brønnøysundregisteret, slik at det formelle blir korrekt. Han opplyser at dei er ein kjerne på 6-7 personar som gløder for huset, men at der er fleire interesserte. Målet er å sette Trudvang i stand, slik at det kan bli ein plass der ungdom kan få boltre seg med ulike kulturaktivitetar. - Vi er fullstendig klare over at det er mykje arbeid. Vi har hatt sakkunnige folk med på synfaring, og veit kva vi står framfor. Men vi har mange dyktige folk i Fantehuset, så dette har vi tru på, smiler han.
Nyhende →
"Fantehuset" får overta Trudvang
Ungdomane bak namnet "Fantehuset" får overta Trudvang. Kommunestyret har sagt ja til å betale straumutgiftene ut 2009 og til å dekkje ein sum som svarar til dei kommunale utgiftene.