3. mars kunne Olav Lynge på Indreflø melde om tjelden var komen.

I dag, 4. april, er han ute med ei ny gladmelding frå Flø:

- I går såg eg linerla her i Lyngegarden, fortel Olav Lynge som vel å sitere salmediktaren Elias Blix i høve linerla sin tilbakekomst: "Og atter som eit under nytt liv av daude gror".

Linerla er å finne i store delar av Europa og Asia og i delar av Nord-Afrika. Her i landet er den trekkfugl og dei første linerlene kjem til Noreg i mars-april, fortel Wikipedia. I september-oktober dreg dei sørover att.