Under gudstenesta i Helgheim kyrkje i Jøster søndag vart dei nye glasmåleria som Åshild Havåg Bergseth frå Eiksund har laga presenterte for kyrkjelyden.

Dei to vindauga på fleire hundre kilo kvar vart ferdigmonterte onsdag i førre veke, og det var nokre spennande minutt då dei skulle løftast på plass.

Gjer alt handverket sjølv

Åshild starta på prosjektet hausten 2017 - og i motsetning til mange andre som lagar glasmåleri, gjer ho alt handverket sjølv. Ho teiknar motiva, ho skjer ut glaset og ho loddar saman dei mange glasbitane med bly. Eit arbeid som krev både godt handlag og tolmod.

- Eg likar å gjere handverket sjølv. Vere ansvarleg for heile prosessen frå tanke, teikning, fargeval og lodding. Men det er litt nifst, for glasmåleria skal kanskje stå i fleire hundre år, viss verda står.

Men før prosessen med å skjere i bly kan starte, må ho skaffe seg glas - og ho måtte både til Averøy og Oslo for å finne dei rette fargevalørane ho var ute etter.

Ho har stått fritt til å velje motiv, og har naturleg nok valt kristne symbol og også nokre tekstar frå Bibelen. Fargane på sidefelta utan motiv startar i botnen med litt mørke blå og grønblå tonar, går over i lysare oppover. Midtpartia med motiv er haldne i gylne tonar og litt fleire fargar.

Orda har Åshild kaligrafert og overført til glasplate hos eit firma i Ålesund. Blant setningane ho har valt er «Noko fall i god jord og gav grøde».

- Alle setningane er bibel-ord tekne ut av samanhengen. Så dei som vil ha samanhengen, må lese Bibelen, smiler ho lurt.

- Soknerådet og presten var litt usikre på eit av orda: «Andens lov som gir liv har i Kristus gjort oss fri». Men biskopen var samd med meg. Så den kom med, fortel ho.

Glasmåleri også i Florø kyrkje

Åshild er utdanna bokkunstnar/illustratør frå Statens handverkskule i Oslo - og hadde si siste separatutstilling i Ulstein kunstlag for vel eit år sidan. Men ho har lenge vore fascinert av glaskunst. Ho har laga glasmåleri til private, til kapellet ved Ulstein sjukeheim og til minnerommet ved Volda sjukehus.

Det største oppdraget fekk ho for ti år sidan, då ho laga tre glasmåleri til kyrkja i Florø.

- Jarle Helgheim, ei eldsjel i Jølster, tok initiativet til å få glasmåleri i Helgheim kyrkje også. Dei likte godt glasmåleria i Florøkyrkja - og det gjorde at eg vart spurd om å lage til Helgheim kyrkje også, fortel Åshild.

Ei anonym gåve på 620.000 kroner gjorde det mogleg å starte på prosjektet - og under gudstenesta søndag 15. april vart det røpa at det var Arne Sunde som hadde gitt pengane.

Historia er den at Helgheim kyrkje hadde to blanke glas framme i koret. Men lyset vart skarpt, og i solskin vart arbeidsforholda vanskelege for presten. Han ønskte derfor å få fjerna dei. Og slik vart det i 1952, då kyrkja vart restaurert. Då vart glasa tetta igjen.

Lyset gjorde kyrkja ny

Under gudstenesta søndag heldt Jarle Helgheim eit kort foredrag om Helgheim kyrkje og kvifor han tok initiativet til å få sett inn glas att i kyrkja. Han hugsa det vidunderlege lyset som kom inn i kyrkja frå aust, og kor mørkt det vart då glasa vart tetta att. Det fanst folk som meinte kyrkja vart utskjemd med dette grepet.

Men no har lyset igjen kome inn i den 141 år gamle kyrkja.

- Eg har vore der fleire gonger og eg må seie det var ein stor skilnad til det betre å kome inn i kyrkja søndag, seier Åshild. - Sola skein så vakkert gjennom glasmåleria. Kyrkjerommet vart opplyst på ein heilt ny måte. Ja, det vart nesten ei ny kyrkje. På førehand var eg litt redd for at altartavla skulle kome litt vekk når glasmåleria kom på plass. Men det motsette skjedde. Altartavla kom faktisk betre fram. Presten var fornøgd, dei frammøtte i kyrkja var glade - og då vart eg også glad, smiler Åshild.

Akkurat no har ikkje kunstnaren i Eiksund nokon nye utsmykkingsoppdrag som ventar på henne.

- Nei, no er det vår. Eg har sådd tomatfrø, og gler meg til å setje grønsakspirer i jorda, seier ho.