Kor viktig er det eigentleg å bu i eit demokrati? Det er truleg eit spørsmål dei fleste av oss ikkje går rundt og tenkjer på sånn til dagleg.

Store norske leksikon definerer demokrati, eller folkestyre, som ei styreform der folket, forstått som landets vaksne innbyggjarar, vel representantar som lagar lovene og tek viktige politiske avgjerder.

Denne veka sa fungerande NHO-sjef, Ole Erik Almlid, at varsellampane blinkar når eit fleirtal av unge i Europa og resten av verda ikkje lenger meiner det er essensielt å bu i eit demokrati. «Det minner om tida før andre verdskrig», sa Almlid til VG, og viste til internasjonale undersøkingar og NHO si eiga gransking her i landet.

Mellom dei eldre er det eit stort fleirtal som svarer at demokrati er viktig, ifølgje NHO-undersøkinga. Men berre femti prosent av dei mellom 30 og 39 år svarer det same, medan prosenten er 55 blant dei under 30 år.

Lokaldemokratiet er ein viktig del av folkestyret. Om eitt år er det kommune- og fylkestingsval. Dei politiske partia er i gang med å finne namn som vil stå på listene, stille til val, folk som vil gjere ein innsats i lokalpolitikken. Svært mange kjem til å seie nei. Diverre.

I eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad denne veka skreiv nestleiar i Stavanger Ap, Anders Fjelland Bentsen, at det er svært tidkrevjande å vere lokalpolitikar. «Medan lokalpolitikk tidlegare både prinsipielt og reelt var ein fritidssyssel, er det no å rekne for ein deltidsjobb», skriv han og viser til ein rapport frå Danmark.

Det er all grunn til å ønske dei politiske partia lukke til i nominasjonsprosessen. Og håpe at mange seier ja.