Gjennom å ta betalt er det rekna ut at kommunen kan få inn 174 700 kroner i året.

Det blir i sakspapira også argumentert med at dette tiltaket kan betre kapasiteten. Laga vil tenkje seg nøye om kor mange timar dei treng i hallen. Dessutan er det fleire andre kommunar som har hatt slik halleige i mange år.

Men Trond Berg (KrF) tok til orde for å ikkje innføre denne leiga. Det er greitt dei betaler i helger når dei arrangerer stemne, men ikkje på kvardagar. Det blir lagt ned utruleg mykje frivillig arbeid i idrettslaga, dei treng ikkje å få denne børa. Administrasjonen kan vurdere å innføre høgare betaling på ubrukte timar.

Egil Ulfstein støtta dette, det er utruleg kva arbeid som blir lagt ned. Eldar Knotten var samd, kommunen kan ikkje påføre idrettslaga dette, mitt i eit år når budsjetta er lagde.

Levekårsutvalet vedtok samrøystes å ikkje innføre slik leige.