- Det er ein vemodig dag, seier Beate Mjøen Berg.

Ho har sin - i alle fall førebels- siste dag på den opne barnehagen i Ulsteinvik, Byggeklossen.

Frå 1. september skal ho ha eitt års permisjon for å jobbe i Tryggheim barnehage og for å studere småbarnspedagogikk.

- Eg hadde håpt at nokon ville ta over her, men ingen har meldt seg, seier Berg.

Ho starta den opne barnehagen for atten år sidan. Byggeklossen har ope tysdagar og torsdagar.

Berg har ikkje tal på kor mange born og vaksne som har var innom på desse åra, men fortel at ho ved tiårsjubileet fann ut at tolv tusen born og ti tusen vaksne hadde nytta tilbodet dei første ti åra.

Stillinga på Byggeklossen er på 20-25 prosent og søknadsfristen går ut 31. august.

Kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul, fortel at det førebels ikkje har meldt seg ein einaste søkjar.

- Byggeklossen er eit unikt tilbod som vi verkeleg ønskjer å oppretthalde. Det er ein veldig fin plass å bli kjend med andre, til dømes for dei som er innflyttarar, seier Kaul.

Kva har de gjort for å finne ein vikar for Berg?

- Vi har lyst ut stillinga to gongar. Vi har også ringt til ganske mange vi tenkte kunne vere aktuelle, folk som har utdanning for å jobbe i barnehage.

Vert barnehagen stengd no då?

- Eg vil heller seie at Byggeklossen må ta ein pause inntil vidare. Vi har ikkje gitt opp håpet om å finne ei vikarløysing, fortel Christfried Kaul.