I dag skal Ulstein formannskap ta stilling til om dei sluttar seg til styret i stiftinga sitt vedtak om å oppheve/avvikle Stiftelsen Ulstein Aktivitetshus.

Rådmannen rår dei til å gjere det. I framlegget til vedtak står det også at det er naturleg at det er Ulstein kommune får høve til å kjøpe eigedomen som er regulert til forsamlingshus med omliggande park, badeplass og småbåthamn.

Som kjent ønskjer Ulstein kyrkjelege fellesråd å føre opp ei arbeidskyrkje der.