I samband med verdas toalettdag 19. november sette det britiske arkitektur- og designmagasinet DesignCurial saman ei liste over dei 10 flottaste offentlege toaletta i verda. Førsteplassen vart teken av toalettfasilitetane ved utsiktspunktet Stegastein i Sogn, og der er det Hareidsbedrifta Jets Vacuum sine vakuumtoalett som vert nytta.

Manglar infrastrukturAkkurat som mange andre bygg Jets Vacuum har levert toalett til, er det mangel på tilstrekkeleg infrastruktur for vatn og kloakk som gjer at servicebygget med utsikt over Sognefjorden enda opp med vakuumtoalett frå Hareid.

- Toalettbygget ved Stegastein ligg langt oppe i fjellsida, 650 meter over havet. Det er ein del av Nasjonale Turistvegar, og til liks med andre servicebygg langs desse «panoramarutene» er det dårleg med tilgang på vatn og kloakknett på staden. Sidan toaletta våre brukar berre ein liter vatn får Statens Vegvesen vassforbruket ned på eit minimum, samstundes som kloakkmengdene blir så små at avfallet kan samlast i tankar som vert tømde med tømebil. Av den grunn har vi også fått levere toalettsystem til fleire andre bygg langs Nasjonale Turistvegar, men det er sjølvsagt veldig kjekt at Stegastein no utmerkar seg på denne måten, seier informasjonsansvarleg Jan Kenneth Steinsåker i Jets Vacuum.

Stor merksemdDet er ikkje første gong Stegastein har vekt merksemd internasjonalt. Aviser, blad og TV-stasjonar frå inn- og utland har besøkt utsiktspunktet flittig sidan det opna, men vanlegvis er det Sognefjorden og naturen rundt som vert vist fram. Denne gongen var det altså toalettbygget ved sidan av sjølve attraksjonen som kom i  søkelyset.

- Det er mest av alt moro å sjå at ein av kundane våre får så god omtale som dette. Vi ser at toalettbygget ved Stegastein har vore omtalt i fleire nettaviser både i Noreg og utlandet i dag. For vår del er vi ikkje nemnt med eit ord i kåringa, men like fullt vart det naturleg nok god stemning her på huset i ettermiddag då vi såg kven som hadde teke førsteplassen, seier Steinsåker.