Fellesforbundet har i dag krevd brot i meklinga med Norsk Industri for Industrioverenskomsten (frontfaget).

26 000 medlemer på 800 bedrifter vil bli råka av ein eventuell streik.

Om ikkje partane kjem til semje innan midnatt laurdag 2. april, vil 26 000 arbeidarar gå ut i streik frå sundag morgon.

På lista står over bedrifter står mellom anna Kleven Verft, Ulstein Verft, Myklebust Verft og Rolls-Royce Marine.

Også brot med Parat

Også YS-forbundet Parat har brote den frivillige meklinga med Norsk Industri, og melder om fare for streik frå sundag morgon. Også dei har fleire tusen arbeidstakarar dei kan ta ut i streik.

– Partane står langt frå kvarandre. Me sit i forhandlingar med ein motpart som no kan framprovosere ein streik, kommenterer forhandlingsleiar Kjell Morten Auna i Parat som sjølv meiner at krava deira er moderate.

Fristen for å kome til semje med motparten er også her midnatt laurdag 2. april.