Etter ein heller tannlaus 1.-omgang var det atskillig meir tæl og sjølvtillit i Hødd-laget i 2. omgang mot Ranheim på Høddvoll søndag kveld. Dagens lykkemann vart Robin Shroot, som fekk to nettkjenningar i løpet av tre minutt (77. og 80. minutt). Og dermed 2-0-siger og tre uhyre viktige Hødd-poeng.

1-0 kom på ein vidarestuss av ein Beite-innlegg. 2-0-målet kom etter ein keeperretur, 180-graders vending og skot opp i nettaket frå nesten død vinkel. Sondre Beite var like ved å auke til 3-0 frå kort hald like etter.

Rehabilitering

Kampen vart ei kraftig rehabilitering for to Hødd-spelarar som ikkje har lykkast i det siste:

Keeper Jan Lennart Urke, som verka svært usikker i 3-0-tapet for Mjøndalen torsdag, var denne gongen tryggheita sjølv og tok alt som kom.

Robin Shroot, som har hatt fleire svake kampar på rad, viste seg som den luringen han eigentleg er i spelet sine avgjerande faser og prikka inn to fine – og ikkje minst avgjerande - mål.

Anført av dominante Steffen Moltu tok Hødd til slutt tre velfortente poeng. Men Ranheim hadde sine sjansar (7-5 i sjanseprotokollen i Hødd sin favør).

Over streken

Med dette er Hødd over nedrykksstreken (12.-plass) med sine 17 poeng. Men dei kan bikke under igjen når Fredrikstad tek mot Sandnes Ulf på Fredrikstad stadion tysdag kveld. Med poeng der går FFK forbi Hødd, som har igjen ein bortekamp mot KFUM Oslo komande søndag før sommarpausen. Den kampen bør gi Hødd årets første bortepoeng.

Vi kjem tilbake med kommentarar.

RUNDERESULTAT i Obosligaen:

Hødd-Ranheim 2-0, Raufoss-Mjøndalen 1-0, Bryne-Strømmen 0-1, Jerv-Kongsvinger 3-2, Sandefjord-Levanger 1-2, Ull/Kisa-KFUM Oslo 3-0, Åsane-Kristiansund 2-0 - FFK-Sandnes Ulf (tysdag).

TABELLEN:

KBK 36 – Sandefjord 35 – Levanger 29 – Jerv 26 – Åsane 25 – Strømmen 24 – Mjøndalen 23 – Sandnes Ulf 21 – Kongsvinger 21 – Ranheim 21 – KFUM Oslo 17 – Hødd 17 – Fredrikstad 16 – Ull/Kisa 15 – Raufoss 12 – Bryne 11.

* Sandnes Ulf og FFK 1 kamp til gode.

KAMPFAKTA, Høddvoll:

Hødd-Ranheim 2-0 (0-0)

1609 tilskodarar inkl. alle sesongkort.

Dommar: Rohit Saggi, Drafn.

HØDD: Jan Lennart Urke, Hugues Wembangomo (Vestvatn frå 70. min.), Steffen Moltu, Christoffer Aasbak, Karl Joakim Wrele, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Fredrik Sjølstad (Shroot frå 43. min.), Didrik Sereba, Joachim Magnussen (Beite frå 66. min.), Eirik Ulland Andersen.