Folketalet i Ulstein og Hareid gjekk opp med høvevis 46 og 45 personar i 3. kvartal 2015. Dermed er Ulstein oppe i 8380 innbyggarar medan Hareid nådde 5164.

Dette viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Ulstein, som hadde nedgang i folketalet i 2. kvartal, hadde 29 fødde og 8 døde i 3. kvartal og dermed eit fødselsoverskot på 21. I tillegg hadde kommunen 21 nettoinnflyttingar.

Hareid hadde 18 nyfødde og 8 døde, og dermed eit fødselsoverskot på 10. I tillegg kom ei nettoinnflytting på 35.

På Søre Sunnmøre vart Volda ikkje uventa folketalsvinnar med ein auke på 90 personar i 3. kvartal. Her er hovudforklaringa at mange flyttar til kommunen når høgskulen tek til om hausten. Volda hadde ein tilsvarande nedgang i 2. kvartal. Volda hadde eit fødselsoverskot på 6 (22 fødde, 16 døde) og ei nettoinnflytting på 84. Folketalet i Volda er dermed 9.058 - og kommunen passerte Herøy, som hadde ein folketalsnedgang på 6 til 8957 innbyggarar. Med 24 nyfødde og 19 døde hadde Herøy eit fødselsoverskot på 5, men dette var ikkje nok til å kompensere for ei nettofråflytting på 11.

Sande vart taparen i denne oppdateringa med ein nedgang i folketalet på 27 - til 2.582. Det vart født berre eitt barn i Sande i 3. kvartal, medan 7 døydde. Kommunen hadde ei nettoutflytting på 21.

Vanylven greidde å halde folketalet på same knagg som i 2. kvartal etter ei nettotilflytting på tre og eit fødselsunderskot på 3 (5 nyfødde og 8 døde i 3. kvartal). Kommunen har dermed 3267 innbyggarar.

Ørsta er framleis den mest folkerike kommunen på Søre Sunnmøre med eit innbyggartal på 10.631. Kommunen hadde eit fødselsoverskot på 10 og ei netto fråflytting på 2. Filketalet auka dermed med 8.

Ålesund er framleis den kommunen i fylket som aukar mest i folketal. Ålesundarane vart 196 fleire i 3. kvartal og tel no 46.769 menneske.

15 av kommunane i fylket hadde negativ folkevekst i 3. kvartal, viser tala frå SSB.