Det viser ein ringerunde Klassekampen har gjort til fylkesmennene.

Regjeringa la i mai frå ei stortingsmelding med forslag til ein omfattande kommunereform der målet er større, meir robuste kommunar. Statsminister Erna Solberg (H) slo i eit intervju med Aftenposten i august fast at regjeringa ikkje vil ha meir enn 400 kommunar. For å oppnå dette talet, må minst 50 kommunar slå seg saman, det vil seie kvar niande kommune.

I dag er det 428 kommunar her i landet.

Kommunane har rett nok frist på seg til 1. juli 2016 til å fatte vedtak om samanslåing, men etter valet i haust har det vore liten aktivitet. Dessutan har fleire av intensjonsavtalane som låg på bordet i vår, falle i fisk. Stadig fleire kommunar seier aktivt nei til å slå seg saman, skriv Klassekampen.

Sju månader før siste frist i reforma har regjeringa berre fått éin søknad om samanslåing, frå Vestfold-kommunane Sandefjord, Stokke og Andebu. Det ligg fem intensjonsavtalar på bordet, om ein også tel med dei som er like ved å inngå ein forpliktande avtale.